By using this website you agree to our use of cookies. Read more about our use of cookies and how to remove or block them in our cookie notice.
Sjukehusapoteka Vest er det største farmasifaglege miljøet på Vestlandet og vi søker nå
Administrerande direktør
Om Sjukehusapoteka Vest
Våre sjukehusapotek finn du på Haukeland universitetssjukehus i Bergen (120 tilsette) , Førde Sentralsjukehus (18 tilsette), Haugesund sjukehus (30 tilsette), Stavanger universitetssjukehus (70 tilsette) og på Haraldsplass Diakonale Sjukehus (5 tilsette). Føretaksadministrasjonen for Sjukehusapoteket Vest er lagt til Bergen. Sjukehusapoteka Vest skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Rogaland og Vestland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester.
Kven ser vi etter?
Me søkjer ein erfaren og drivande toppleiar til eit føretak som skal vera sjukehusa og pasientanes kompetansesenter for legemiddel og som skal bidra til auka pasienttryggleik. Med på laget får du leiarar og medarbeidarar med svært god farmasifagleg kompetanse.
Du vil få varierte oppgåver som femnar breitt i innhald frå nasjonalt nivå til drift og utvikling av eige føretak. Leiargruppa består av 5 sjukehusapotekarar i tillegg til leiarar for andre funksjonar.
For å lykkast må du ha relevant høgare utdanning, leiarutdanning er en fordel. Du må i tillegg ha solid leiarerfaring. Kjennskap til spesialisthelsetenesta og sjukehusapoteka vil vere ein fordel. Kontaktflata mot høgkompetente medarbeidarar innanfor ulike fagområde krev svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Som leiar bidreg du til å motivere og inspirere heile verksemda, gjennom samarbeid og eit godt arbeidsmiljø på tvers av profesjonar og andre aktørar. Me føreset at du står støtt i krevjande situasjonar og har fokus på kvalitet, samt god og stabil drift. Sjukehusapoteka blir drivne forretningsmessig og du må av den grunnen ha fokus på lønnsemd og økonomisk medvit, i samarbeid med sjukehusa.
Administrerande direktør rapporterer til eit eige styre og deltek i direktørmøta i føretaksgruppa i Helse Vest.
Vi tilbyr
Vi tilbyr spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit føretak med dyktige leiarar og medarbeidarar. Du får gode moglegheiter til å påverke og utvikle føretaket vidare, saman med styret, leiarar og medarbeidarar. Du vil vere ein viktig bidragsytar i arbeidet med å utvikle helsetenestene på Vestlandet, i tett dialog med dei andre helseføretaka – og det regionale helseføretaket.
Ta gjerne uforpliktande og fortruleg kontakt med rådgivarane våre i Habberstad, Hans Petter Karlsen, tlf. 93425743 eller Bjørg Alvestad, tlf. 95765475. Styrets leiar Helge Torgersen, tlf. 90790213, kan også bli kontakta.
Søknadsfrist: 16.10.2023
Nøkkelord | Farmasi, Toppleder, Helse |
Bransjekategori | Helse / Sosial |
Bransje | Apotektjenester / farmasi |
Alternativ bransjekategori | Offentlige tjenester / Forvaltning |
Alternativ bransje | Offentlige lederstillinger |
Bedriftsnavn | Sjukehusapoteka vest |
5021 Bergen | |
Nettside | www.sjukehusapoteka-vest.no |
Tittel | Administrerande direktør |
Sektor | Offentlig |
Stilling | Fulltid |
Omfang | Fast |
Antall stillinger | 1 |
Hans Petter Karlsen Partner hans.petter.karlsen@habberstad.no +4793425743 |
Bjørg Alvestad Partner bjorg.alvestad@habberstad.no +4795765475 |